Interaktiv impro
Av Ida Habbestad, 18. august 2010
Songar Eldbjørg Raknes meiner møtet med barn gjev særeigne og utviklande kunstnarlege utfordringar.

Når prosjektet «Hva kommer nå…?» turnerer i oktober og desember er det både
som sjølvstendig kunstnarleg prosjekt og som del av Norsk Jazzforum si satsing
på jazz for barn og unge – som interesseorganisasjonen har gått særleg inn for
etter førre landsmøtet.
For i jazzmiljøet har det tradisjonelt vore lite fokus på arbeid for dei minste. Ein
situasjon som er underleg med tanke på føresetnadene meiner songar Eldbjørg
Raknes.

– Eg meiner improvisasjonsmusikarar har ein fordel i møte med barn, nettopp i
det ein improviserer. Improvisasjon handlar om å forma ting i augneblikket, ein
er open for nye retningar. Det er ein interaktiv prosess, der ein går vidare ut frå
responsen frå publikum og musikarane seg i mellom, seier ho.
Dette aspektet er søkt utnytta til fulle i det tverrkunstnarlege prosjektet der
Raknes møter musikar Eirik Hegdal, skodespelar Frode Eggen, videokunstnar
Pekka Stokke, lysdesignar Marianne Thallaug Wedset og lyddesignar Tor Breivik
til improvisasjon. Dei ulike kunstformene er likestilte, det interaktive aspektet er
eit fokus.
– I prosjektet er det eit mål for oss at ungane òg får bestemmakva som skal skje.
Mellom anna får dei vera med på å bestemma utgangspunkt for historier, laga
lyd, føreslå songar og sjølv vera med å synga. Ut over dette er prosjektet ope.
Når kunstnarane entrar scena er ingenting bestemt, fortel Raknes.
– Korleis førebuar ein seg på det opne?
– Me jobbar i forkant med å møta kvarandre i improvisasjon og me har hatt
nokre små prøvepublikummarar. Før dette har me kvar for oss improvisert i
andre settingar i mange år. Ein øver heile tida; knar estetikk og utviklar kjerne og
samspel.
– Under konsertane responderer me på kvarandre. Når Frode improvisererei historie kan musikarane respondere med musikk og eventuelt det ungane bidrar med. Dette påverkar historia, bileta og musikken vidare. Det kan komma songar som ungane føreslår, songar frå mitt barnerepertoar – til tekstar av Inger Hagerup og Torgeir Rebolledo Pedersen – og improvisert musikk som aldri har blitt laga før. Bakteppet er ungane som hovudpublikum. Det skapar eit fundamentmed visse føresetnader. Improvisasjon handlar like mykje om kva ein ikkje gjer som kva ein gjer.

– Du meiner det fordrar eit anna materiale å improvisera for barn enn for vaksne?
– Nei, men vi må ta inn over oss at barna er meir direkte og fysisk tilstades
i konsertsituasjonen. Dei vaksne har lært seg å vera høflege, det har ikkje
dei minste ungane. Og det kan ha mange slags konsekvensar. Om du ikkje
får grepet i settinga kan ungane lett bli urolege. Dette utfordrar til dømes
formestetikken, eg som er så glad i at musikk får utvikle seg over lang tid! Det
krev eit tilstadevere i møtet.

– På andre sida er det ei enkel gruppe å få i dialog. Stiller du spørsmål kan du
risikera å få 50 svar på eingong. Interaktivitet er ikkje alltid eit mål korkje for
vaksne eller barn, men i dette prosjektet vil me nytta oss av denne tilstadeversla.

Turneen gjennomførast ved jazzklubbar hjå arrangørar som i liten grad har
arbeidd med unge. På Norsk Jazzforums nettsider er det gjort oppdateringar
kring grunnleggjande problemstillingar på området. Prosjektet inneheld tett dialog
med arrangørane om kva tidspunkt det er gunstig å gjennomføra konsertane og
kvar ein plasserer scene og høgtalarar for publikumsgruppa. Etter konsertane
arrangerast dialogmøte, og turneen vert dokumentert for å fanga erfaringar i
ettertid.
Ein slik kunnskap er ikkje sjølvsagt for arrangørar og musikarar. Kvifor det
manglar interesse og kunnskap om gjennomføringa av offentlege barnekonsertar
er imidlertid uklart. Raknes meiner det kan handla om at musikarane ser
lite prestisje knytt til slikt arbeid, at somme får «nok av barn» gjennom
Rikskonsertturnering medan andre er redde for den direkte kommunikasjonen
som ofte krevjast i møtet med barn. Raknes meiner det er viktig å snu fokuset frå
synet på kunstnarlege prosjekt for barn som annanrangs. Desse prosjekta kan
ha høg eigenverdi, understrekar ho.

– Sjølv prøver eg å møta barna med så kunstnarleg rak rygg som mogleg, med
materiale og metodar eg søker utvikling gjennom. Det finst ikkje nokon mal for
korleis ein skal gjennomføra slike møte. Mange festivalar har kosekonsertar,
gjerne ute, inkludert konkurransar, ballonger bollar og brus. Så har du ein variant
der du lukkar rommet og forsøksvis kommuniserer med spesifikke aldersgrupper,
0-3 år for eksempel. Eg meiner det er eit utal uprøvde innfallsvinklar både på
musikar- og arrangørsida. Uansett fortener området seriøst fokus frå alle – frå
musikar, arrangør og organisasjon til det offentlege og media.
– Kvifor meiner du at kunst for barn er viktig? 
– Her er det fleire svar. Som utøvar har eg reint kunstnarlege grunnar til å møta
denne gruppa. Eg opplever det utviklande å vera i kontakt med responsen
frå barn; den direkte attendemeldinga, men òg det opne forholdet til musikk
som barn har og som snevrar seg inn når dei blir større. Som ungane likar eg
å eksperimentera med språklydar. Ungane leikar seg med språket, skapar
nye konstellasjonar, lydbilete og ord – slikt som eg sjølv er oppslukt av i mi
kunstnarlege utvikling, på mitt vis.

– Eit meir overordna aspekt er at ungar i dag nyttar mykje tid framfor TV. Ikkje
alt dei ser er dårleg, men det å sitja framfor skjermen er ein veldig passiv måte
å vera til på. Eg tykkjer det er viktig at me som er vaksne ikkje berre let ungane
oppleva ting på skulen eller i barnehagen, men at ein i familien – korleis den
enn ser ut i dag – sørgjer for at generasjonane opplever noko i lag og på tvers.
Eg trur at vaksne må ta inn over seg at dei ofte legg premissene for kva barn
skal oppleva. Her har foreldre, det offentlege og kunstnarar ei viktig oppgåve.
Litt for ofte gjer institusjonane det enkelt for seg, som når ein viser «Reisen til
julestjernen» kvart einaste år. Eg trur på å la barna få oppleve forskjellige uttrykk.
Og det skadar ikkje vaksne heller!

– Det skjer mykje musikalsk for barn gjennom skule- og barnehagekonsertane. – Kvifor ynskjer du eit tilbod utanfor dette?
– Eg meiner at arbeidet som i dag vert gjort med skule- og barnehagekonsertar
er svært viktig, og ynskjer ikkje mindre av det. Men skulen og barnehagen utgjer
eigne samfunn for dei små. Eg meiner det er sunt at ungar også opplever ulike
kunstnarlege uttrykk ilag med familie, vener og andre. Dessutan er det bra at
menneske veit frå dei er små at det finnest ulike arenaer, som jazzklubbar,
festivalar, friteaterhus, med all positiv innverknad det kan ha på livet seinare.

– Har du nokon tanke om kva ein kan gjera for at denne typen konsertar ikkje berre når ressurssterke eller dei som er kunstnarleg interesserte frå før?
– Det er eit godt spørsmål; eg trur generelt på openheit og involvering. Det
fordrar at ein aktivt inviterer og involverer menneske og grupper som ein veit
ikkje kjem «av seg sjølve». Kultur handlar ofte om myter og samlingspunkt, om
det å vera trygg i forhold til miljø og arena. Ikkje nødvendigvis om mangel på
nyfikne. Under haustens turné har vi inviterte gjestar på plakaten, og eg trur
me får hanka inn nokon frå både kyrkjebarnekor, rap-, hip hop og andre miljø.
Uansett er det eit mål å utvida publikummet til jazzklubbane.
– Til slutt; kva slags publikum forventar de på konserten?
– Konserten er open for menneske i alle aldrar. Eg håpar det kan komma nye
publikummar – folk som ikkje har gått på jazzklubb før, i tillegg til at dei som elles
går på jazzklubben kan ta med ungar. Ynsket er at me skal kunna møta dei som
er der uansett kven dei er og kor gamle dei er. Noko vil sjølvsagt gå over hovudet
på ein baby. Men ein treng ikkje forstå musikk eller kunst for å ha ei oppleving –
det gjeld både små og store!
http://www.eldbjorgraknes.com/

URL til denne artikkelen:
http://www.kunstløftet.no/artikler10/280910_IH_interaktiv.php
0 kommentarer - bli den første til å kommentere artikkelen

Kommenter artikkelen

|