Visuelle klangar Av Ida Habbestad, 14. september 2010
«Teenage Lontano» er både ein konsert og eit stykke kunst – utført av eit knippe unge – som let etter seg ei pirrande nyfikne.
Me er i eit tomt og stort tidlegare fabrikklokale i Oslo. Ungdommar står på ei
lang, lang rekkje. Dei unge vokalistane dannar ein skulptur, og skulpturen er som
eit fysisk skilje i rommet. Den liknar ein tråd eller kanskje ein stamme? Lyset
som fell på desse vokalistane står i sterk kontrast til det dunkle lyset i lokalet
elles. Det same lyset skapar det einaste skiljet mellom publikum og utøvarar,
ettersom alle i dette rommet er frie til å vandra ikring og oppsøka den visuelle
opplevinga dei sjølve ynskjer.
Som fleire verk under Ultima-festivalen for samtidsmusikk, er «Teenage
Lontano» eit stykke med mykje fridom. Kva ein opplever er avhengig av
korleis ein sjølv tek stilling til uttrykket: Kvar ein står, kvar ein set seg ned,
kor lenge ein oppheld seg på eitt og same punktet. Eit slikt tilhøve kan vera
sjølvsagt på eit museum, men er ikkje like sjølvsagt når det kjem til konserten og
kunstmusikken.
Dei som er tilstades ved denne konserten får ulike visuelle inntrykk. Men
det auditive uttrykket er i stort same: Langsame, luftig klangar, ærlege
på eit vis – framført av unge stemmer, så vidt utbrodert av elektronikk.
Fra framføringa av "Teenage Lontano" under Ultima-festivalen.
Utøvarane er medlem av Sølvguttene, Oslo Nye Ungdomskor, Steinerskolens
Ungdomskor og musikklinjene på Manglerud og Foss. Dette er unge som er
vande med å synga, men i «Teenage Lontano» er dei bedne om å leggja vekk
skulerte normer: Slike ideal der ein søkjer seg saman mot ein felles vokal, mot
ein homogenitet i klangen, mot den teknisk mest gunstige måte å produsera
tonar på. I dette tilfellet lyttar me til stemmer som tilhøyrer personane, og berre
desse. For meg vert det sterkaste ved denne opplevinga heilt enkelt å sjå denne
lange rekka av unge, slik dei står her, rett framfor oss i rolla som seg sjølv og
syng.
Verket som spørsmål
Likevel er merksemda mi gjennom det heile retta mot det som finst bak verket.
Eg har ei oppleving av at kunsten i dette arbeidet framfor alt er ein prosess. At
kunsten like mykje kjem til uttrykk gjennom spørsmåla om kven desse unge er,
kva dei held på med, korleis dei tenkjer om at dei står her slik no: To og to i par,
skulder mot skulder, vendt så me ser ansikt og rygg annankvar gong, samla i eit
gedigent instrument.
Kva meiner dei sjølve om musikken? Veit dei at dei framfører sin versjon av eit
komplekst stykke, av den ungarske komponisten Györgi Ligeti? Har dei fått vita
at ideen bak Rosenfeld sitt val av nettopp dette stykket tek utgangspunkt i eit anna spørsmål; om kva som skjedde med modernismen?
- Kva gjorde at pendelen svinga radikalt frå det tøffe, modernistiske uttrykket
til den langt meir venlege minimalismen etterpå, spør Marina Rosenfeld, og eg
undrast: Har dei unge kjennskap til desse rørslene i det heile? Eller er det her og
no som er viktig for dei?
Slike spørsmål ligg ubesvarte, og verket pirrar nyfikna.
Fra framføringa av "Teenage Lontano" under Ultima-festivalen.
Verket som prosess
Det me får veta i intervju med personen bak — pianist, komponist og DJ
Rosenfeld — er at arbeidet hennar spring ut av eit ynskje om å tenkja annleis
kring klassisk og samtidsmusikk. Rosenfeld har ynskt å skapa situasjonar der
uvanlege element legg premiss for komposisjonen. Som det å velja «feil» folk til
å framføra stykka hennar og la ikkje-musikalske parameter som utøvaren sitt
kjønn eller alder vera avgjerande for uttrykket.
Me får vita at Rosenfeld ser på tenåringane som eit musikalsk materiale. At
ho i prosessen har funne inspirasjon for nedteikninga av stykket gjennom
ungdommar sin bruk av iPod. Ungdommar handsamar iPoden nokså annleis den
opphavlege tanken om stereo. Dei kan dela eit sett av øyreproppar og soleis lytta
til felles musikk samstundes som dei stadig tek del i verda utanfor. Slik sett vert
arbeidet ein hyllest til denne gruppa, til deira tilhøve til verda. Ungdommane
har fått sunge inn kvar sine stemmer på mp3-spelarar. Dei lyttar både til
instruksjonane og samstundes til heile verket.
Som vaksne publikummarar står me utanfor alt dette. Me lyttar til resultatet,
heilskapen av desse levande, langstrakte klangane som i denne versjonen er
gjort lenger enn i originalen. Me lyttar til eit klanghav, der utviklinga tek tid.
Eg opplever noko uforløyst i dette. Eg saknar stemma og tankane til desse unge,
sjølv om eg kontinuerleg lyttar til dei. Det vert som ein søken etter å få sjå desse
tenåringane som noko meir enn eit musikalsk materiale.
Samstundes har Rosenfeld lukkast med noko som er svært vakkert. Ho har
snudd om på Ligeti sitt utgangspunkt og «Teenage Lontano» har blitt eit verk
der fokuset på kompleksitet er fjerna. Framfor denne versjonen teiknar det seg
opningar når det gjeld korleis uttrykket vert framført. Det essensielle er noko
anna, og viktig i vår samanheng. Det essensielle handlar om kven som utøvar
og at dei gjer det. «Teenage Lontano» er utøvarane sitt verk – komposisjonen er
ikkje berre Rosenfelds, men deira.
Video frå tidl versjon.
KONSERT
«Teenage Lontano»
basert på Györgi Ligetis «Lontano»
av Marina Rosenfeld
Med songarar frå Sølvguttene, Oslo Nye Ungdomskor, Steinerskolens
Ungdomskor og musikklinjene på Manglerud og Foss.
Framført på Ultimafestivalen torsdag 9. september.